Utbygging av Kjønstadmarka 4 skal snart opp til politisk sluttbehandling, og resultatet KAN bli at bustader på den skogskledde toppen blir sett på som meir verdifullt enn å ha dagens friområde der. Kva vil eventuelt vere dei gode grunnane for ei slik prioritering, på tvers av eit breidt folkeleg engasjement for å bevare skogen..?

Er det til dømes prekær tomtemangel i kommunen, slik at alternativa er få...?

Rett nok står det i kommunedirektørens saksframlegg at «Levanger kommune opplever en begrenset tilgang på eneboligtomter, ...»  Men når eg undersøkjer situasjonen, ser det ikkje så prekært ut for meg, når ein ser på heile kommunen;

Følgjande ledige eneboligtomter i byggjefelt er presentert på Levanger kommune´s «BoiLevanger»-side: Holåsen, Skogn: 34 , Gottåsfeltet, Ronglan: 23  (blir lagt ut for salg seinare i år), Kleivan, Okkenhaug: 5,  Fossingtrøa, Åsen: 6,  Falstadberget: 1.

Summen her blir 69 eneboligtomter!

I tillegg har kommunen, ifølgje pressa, kjøpt opp store tomteområde for bustadfelt på Halsan og Ekne.

Målt opp mot alle eneboligtomtene rundt i kommunen, utgjer dei tiltenkte eneboligtomtene i Kjønstadmarka 4 ein liten del. Det er  berre 10-12 tomter som er nemnt i høyringsdokumentet frå kommunen.

For i Kjønstadmarka 4 - som det også er i Kjønstadmarka 3 - er det såkalla «konsentrert bebyggelse» som skal stå for dei fleste boenhetene. I alt det planlagt 65-81 boenheter i Kjønstadmarka 4, det aller meste av dette er ifølgje dokumenta «rekkehus, tomannsbolig og eneboliger i kjede».

Er det då tomteområde for slik konsentrert bebyggelse det er så prekær mangel på at det no hastar med å byggje ut også Kjønstadmarka 4 ??

Nei, per i dag ikkje. For her er det verdt å merke seg at nesten ALLE TOMTER for slik konsentrert bebyggelse framleis står utbrukte i Kjønstadmarka 3. Av i alt 12 store tomter som  for seks år sidan, i 2018,  vart regulert  for blokkbebyggelse og konsentrert bebyggelse, er berre éi tomt tatt i bruk og ferdig utbygd. Dette medan alle tomter for enebolig er selde, ifølgje kommuneadminstrasjonen (24 vart annonserte då feltet var nytt).

Dette betyr at Kjønstadmarka 3 per i dag ikkje eingong er halvegs utbygd, målt etter planlagde boenheter. Per i dag er 6 boenhenter i konsentrert bebyggelse ferdig, men det er planlagt minimum 72 slike boenheter, slik eg les gjeldande reguleringsplan.

Så då er det kanskje på sin plass å spørje: Ville det ikkje vere naturleg å gjere seg ferdig med eitt felt før ein går laus på det neste?

Så vidt eg forstår har kommunen opsjonsavtalar med utbyggjarar på alle dei store tomtene, men at utbygging står  på vent til marknaden betrar seg igjen.

Men her høyrer det med til historia at Kjønstadmarka 3 først vart regulert for langt fleire boenheter enn gjeldande regulering. Eit femtitals fleire boenheter i blokk- og konsentrert bebyggelse var tanken i 2018, i tillegg til tomtene for einebustader.

Men tomteområda for såpass stor blokkbebyggelse (leiligheter) viste seg å vere tungselde, går det fram av saksdokumenta då feltet vart omregulert i 2022.  Planane for konsentrert bebyggelse i Kjønstadmarka 3 vart difor nedskalert til langt færre boenheter, der det vart «lagt til rette for rekkehus, eneboliger i kjede og flermannsboliger». Som grunn for endringa vart også for lang avstand til sentrum nemnt, bl.a. av kommunalsjef samfunnsutvikling Trude Nøst (T-A 3.4.2022):

« I områdene som gjenstår er det planlagt konsentrert bebyggelse som ikke er bygd ut. Etterspørselen har ikke tatt av, noe som skyldes at Kjønstadmarka ligger såpass langt unna sentrum, sier Nøst til Trønder-Avisa

Så igjen: Er det ikkje naturleg å sikre seg at ein får avsetning på alle tomter i Kjønstadmarka 3 før ein byggjer ut trinn 4? Er det ikkje fare for at to uferdige felt blir liggjande der i årevis??

Spørsmålet er endå meir relevant når ein veit kor mange konkurrerande private prosjekt det er som tilbyr denne typen bustader, både i og rundt sentrum, men OGSÅ ute på Nesset:

Følgjande prosjekt der summerer seg til over 190 boenheter:

Gjemble sør (120), Sebo boliger, Fridheim (38), Kjønstad Vestre (18) og Nordsiveien 175 (16).

Så, nei, mangel på bustadprosjekt for leiligheter og rekkehus etc. er det visst ikkje.

Kva kan  då vere den gode grunnen til  å byggje ut Kjønstadmarka 4?  Økonomi?

Eg har fått forståelsen av at kommunen bruker eit slags sjølvkost-prinsipp, og for at rekneskapen skal «gå opp», må også trinn 4 fullførast, av di prisar og dimensjonering etc. er sett utifrå det.

Men finns det kalkulasjon på KOR MYKJE kommunen eventuelt vil tape på å la Kjønstadmarka 4 liggje? Og jamførande kalkulasjon over kva kommunen taper på at ALLE TOMTENE ANDRE STADER rundt i kommunen blir liggande uselde? DER er trass kostnadene til opparbeiding alt tatt, i motsetning til i Kjønstadmarka 4.

Kanskje det ville vere meir å hente økonomisk om ein gjorde ein framstøyt («gulrøtter» etc.) for å få selt dei mange tomtene elles i kommunen?

Lykkast ein med det, ville det i så fall vere i tråd med uttalte politiske mål i opptil fleire partiprogram, på begge sider av fleirtalskonstellasjonen i kommunen. Samarbeidsavtalen mellom SP, Høgre, Frp, Krf og Venstre for 2023-27, seier til dømes:

«De politiske prioriteringene skal bygge på ambisjonen om å ta hele Levanger i bruk (...). Det skal tilrettelegges videre for et variert boligtilbud og boligbygging i hele kommunen.»

Ved å gjennomføre ein slik ambisjon, kunne ein også på kjøpet trygge framtida for skular som no blir sett i spel.

Kjønstadmarka blir ofte omtala som ein populær stad å bu, ja ein kan sjå bustadfeltet der omtala som «en stor suksess». Og det er rett at det  er populært og har tiltrekt mange som vil byggje sin einebustad der. Men merkelappen «suksess» er likevel avgrensa til einebustader, så lenge målestokken er å få avsetnad på alle typar tomter.

Så då blir vel spørsmålet om ein skal køyre vidare på «einebustad-suksessen», og satse på at det andre kjem etterkvart. Og skulle  no markedet også for det andre snart «løsne», og ein kan køyre på og fylle opp alle planlagde boenheter i Kjønstadmarka 3 og 4 kan det vel hende at den eine suksessfaktoren etter den andre fell av i svingane.

For det bur over 4500 menneske på Nesset i dag, Levangers største bydel. Kjønstadmarka 3 og 4 fullt utbygd vil bety opp mot 150 boenheter til, og med dei 190 private som eg nemnde over, blir det fort opp mot 350 nye boenheter på Nesset. Å presse stadig meir folk inn i bydelen kan gi  press på skule, press på trafikk – og ikkje minst press på igjenverande natur.

Trafikken til og frå halvøya må for ein stor del gå gjennom sentrum, den verna Trehusbyen – eit faktum som lett kjem på kollisjonskurs med det breie politiske ønskjet om å skape meir liv der, og forsøk med  gjere Kirkegata bilfri. Ein framtidig avlastningsveg til og frå Nesset er nemnt i kommunedirektørens høyringsdokument. Men kva kostar det??

Nasjonale retningslinjer no legg opp til at bustadbygging bør skje nær større trafikk-knutepunkt, for å fremje kollektivtransport. Dette blir også drøfta i kommunedirektørens nemnde saksframlegg. Det blir vedgått om Kjønstadmarka 4 at «feltet i stor grad favoriserer bilen som fremkomstmiddel», men svaret synest å vere  at Kjønstadmarka 4 trass alt er planlagt «med mindre utnyttelse og færre boenheter enn først tiltenkt.» Men er det nok?

Nei, Levanger-politikarar: Det mest fornuftige no er å ta seg tid til å setje ein fot i bakken og prøve og sjå alle samanhengar. Og kanskje til og med be kommuneadministrasjonen om ei «bustadmelding», om KORLEIS ein skal nå dei politiske måla for bustadbygging, dei lokale så vel som dei nasjonale.

Magnar Brandseth

(sjå elles innlegg Innherred 18.4.)